Trygg bruk av Eldstad

  • 1

    Sjekk veden
    Sjekk at veden er tørr og fin. Lagrar du veden ute er det bra om kubbane får tørke ein dag eller to inne før du bruker dei. Om veden er for våt avgir dette mykje røyk og fører til dårlig brenning.

  • 2

    Kløyv veden
    Eit av dei viktigaste stega ein tar i fyringsprosessen er å kløyve veden i mindre delar. Kløyv i både halvstore delar og tynne pinnar til opptenning. Dette gjer at ein utnyttar veden betre, brenn reinare og får mindre sot i pipa.

  • 3

    Fyr etter behov
    Fyr for den varmen og lyset du treng. Sjekk kapasiteten på omnen og tilpass vedmengde etter det. Ein tommelfingerregel er: 1 kg ved gir omlag 3,2 kWh (ein omn på 7 kWh treng difor berre rundt 2 kg ved om gongen). Ved for mykje ved blir det for varmt og omnen brenn ved for høg kapasitet. Hugs at veden bør vere kløyvd i mindre kubbar!

  • 4

    Tenn frå toppen
    Legg vedkubbane nedst og den tynne opptenningsveden på toppen. Legg deretter på tennbrikkettar og tenn på frå toppen. Opne alle ventilar og sørg for nok luft.

  • 5

    La omnen bli varm
    Etter opptenning bør døra på omnen stå på gløtt i om lag 20 minuttar. Då blir omnen og pipa oppvarma og ein slepp sot på glaset.

  • 6

    Ta kontroll på flammane
    Lukk døra på omnen og kontroller flammane med rett mengde trekk. Sjekk vedmengde og legg på meir etter behov.

  • 7

    Nyt varmen
    Hugs å ta eit steg tilbake og nyt resultatet av arbeidet du har lagt ned. Du har meistra fyringskunsten!