Å fyre rett og godt

Fyringsglede.

Å sjå på lyset frå flammane og kjenne strålevarmen frå eldstadar er ein bit av det gode liv.

Med bakgrunn i nokre aha-opplevingar som feiar, der eg har sett eit mønster i behov, vil eg tilby kurs i korleis ein kan fyre godt og trygt.

Som barn var vi mykje i skogen og frå 12 års alderen tok eg ut min første ved. Veden blei hogd med øks og frakta heim med traktoren på småbruket, ein Shibaura SU 1540 4x4. Nokre år seinare vart skogbruk på landbruksskulen eit favorittfag.

Interessa for funksjonane til ein eldstad har vakse seg til etter kvart. Å fyre rett og godt er til glede og nytte. Skal vi lykkast med fyringa treng vi kunnskap. Kunnskap om ved og korleis ein skal behandle ved er det viktigaste du sjølv kan tileigne deg. Ein av mine kundar sa ein gong eg hadde fyrt opp i eldstaden hans: «Dette trudde eg ikkje var mogleg». Å tileigne seg den kunnskapen på eit kurs har vist seg å vere det beste, sjølv om du har fyrt i mange år tidligere eller er ny som fyrbøtar.

- Knut Sigve Lillemo -